Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Einebustad Mjåtveit

I løpet av seinhausten og vinteren 2009-2010 gjorde me ferdig dette flotte huset på Mjåtveit, samt den doble garasjen som ligg like ved. Ansvaret for utføring og kontroll av tømrerarbeidet vart overført til oss etter at det firmaet som starta prosjektet gjekk konkurs. Først gjorde me ferdig alt det utvendige; hovedsakleg taksteinlegging, kledning, kister, samt innlisting av dei mange og store vindauga.

Ettersom det var valgt vedlikeholdsfrie vindauge, vart det ein del meir arbeid enn vanleg - med to trinns tetting (beslag pluss trebord) utanpå det vindtette skiktet. Me sette vidare inn alle ytterdørane og lista inn både desse og garasjeportane. 
Inne i denne store einebustaden var det sjølvsagt òg mykje arbeid som venta.

Det balanserte og varmegjenvinnande ventilasjonsanlegget vart montert før isolering. 

I tillegg til det tømrerarbeidet som er vanleg i dei fleste hus, utførte me i dette tilfellet òg ein del anna. Bl.a. monterte me det store kjøkkenet frå IKEA med kvitevarer - inkl. ei "øy" med steikeplater og fritthengande ventilator - og laga til ei dobbel skittentøysjakt frå badet i loftsetasjen til vaskerommet under. 

Under den fine trappa med heiltre eiketrinn har familien fått seg ei kjekk ferdiglista bod med fryseskap. Loftsstova er temmeleg unik då den er utforma med veldig høgt skråtak, synlege limtredragarar og vindauge over heile den store veggen i arka.

Mykje ekstra arbeid, ja, men verd det! I stova er både peis og høgtalarar fint integrert i veggane. Skyvedører med glas er med på å skape stor romfølelse til og med når dei er lukka.

Huseigarane var i stor grad aktive undervegs i prosjektet - med mykje eigeninnsats, og lukkast med å skape ein samanhengande stil.

Samarbeidet gjekk fint både med dei og andre handverkarar gjennom prosjektet. Spesielt hadde me mange arbeidsdager saman med murmester Arvid Leiknes.

 

Hus på Mjåtveit

Del denne siden med andre!

Share on FacebookShare on Twitter

Logg inn