Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Rehabilitering og ulike mindre tømreroppdrag

Fjeldstad & Sandvik TømrerTeam tek gjerne på seg rehabiliteringsoppdrag - store eller små.
Me har mykje erfaring med dette òg. Du er velkommen til å ta kontakt med oss om du til dømes vil ha skifta tak, kledning, dører eller vindauge på eit eldre hus - eller du er i gang med oppussing og treng tømrerfagleg assistanse for å kome vidare. 

Innimellom eller undervegs i dei større prosjekta våre kan me iblant utføre enkelte mindre oppdrag.
Me har mellom anna skifta vindauge og ytterdører mange ulike stader. Vidare har me vore med på å modernisere fleire innvendige rom og gjere ønska endringer i yttervegger.

I billedgalleriet på denne sida kan du sjå døme på ulike oppdrag firmaet vårt har utført så langt.
Det er stor variasjon i type arbeid, noko som gjer kvardagane våre interessante og lærerike.

Her vil du blant anna sjå at me har vore involvert i restaurering av eit gamalt steinhus, bygd på både ei gamal løe og ein ny barnehage, samt heva standarden på ei gamal hytte med ny terrasse og komplett tak.

Me tilbyr altså alt av tømrertenester, og jobber for å vere ein fleksibel og allsidig aktør i markedet.

Åsebø


 Diverse jobber

Del denne siden med andre!

Share on FacebookShare on Twitter

Logg inn