Tilbygg Dalemarka
Våren 2010 har me jobba ein del veker med å bygge på den eine delen av denne tomannsbustaden i Dalemarka (Meland).
Som resten av huset, vart òg tilbygget bygd i funkis-stil - med relativt flatt tak og store heile veggflater brutt av vindauge av ulik størrelse og form. Fleire av desse er flytta ut frå dei tidlegare ytterveggane.
Begge etasjane inneholder nesten 20 nye kvadratmeter golvareal, og det vert dermed plass til både stort nytt kjøkken med spisebord i andre etasje og bl.a. stor og romsleg utviding av vaskerommet i kjellaren.
Andre etasje har me ferdigstilt innvendig, medan første etasje skal innredast av byggherre sjølv. Taket har me tekka ved utrulling og sveising av sterkt skiferbelagt takbelegg.